Erlend Blaalid Oldeide
|
|
Nasjonalitet |
Noreg
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
28. mai 1984 (40 år)
|
Organisasjon |
NRK Vestland
|
Politisk parti |
Arbeidarpartiet
|
Erlend Blaalid Oldeide (fødd 28. mai 1984) er ein norsk journalist i avisa GD. Han er tidlegare programleiar i NRK Vestland.[1]
Liv og virke
Oldeide kjem frå Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune.[2] Han begynte i NRK som nynorskpraktikant frå Nynorsk mediesenter i 2006. Han har vore programleiar i radiosendingane i NRK Sogn og Fjordane og seinare NRK Vestland på NRK P1. Han har også vore programleiar i TV-distriktsnyheitene Vestlandsrevyen på NRK 1.
Oldeide har leia utspørjingar av førstekandidatane ved alle stortingsval og fylkestingsval i Sogn og Fjordane og Vestland frå 2009 til 2023.[3]
I 2019 vann han presseprisen frå Sogn og Fjordane journalistlag i kategorien open klasse for utspørjingane av listetoppane til fylkestingsvalet i Vestland same året.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff