Erýmanthos (gresk Ερύμανθος) er ei elv som renn i den vestlege delen av Peloponnes i Hellas. Ho tek til i fjellet Erýmanthos og renn gjennom dei tre periferieiningane Akhaía, Arkadía og Ilía før ho munnar ut i Alfiós.