Epstein-Barr-viruset er mellom dei potensielle faktorane som kan bidra til multippel sklerose (MS) med sterkast prov. Over 99 % av alle MS-pasientar mot kring 94 % av kontrollar er vortne infiserte med EBV.[4]
Viruset har eit dobbelttråda DNA-genom på kring 172 kilobasar, noko som er høvesvis stort for eit virus. Det kodar for kring 85 gen, men genomet varierer ein del frå virusvariant til virusvariant. EBV-viruset vert delt inn i to hovudtypar basert på skilnader i genet for Epstein-Barr-virus-sellekjerneantigen 2 (EBNA-2), nemleg type 1 (EBV1 eller EBV A) og type 2 (EBV2 eller EBV B).[6][7][8]
Sekvenseringar av delar av genomet til EBV-viruset vart utgjevne i 1982, og den fyrste heile genomsekvensen i 1984. Alle desse sekvenseringane var av EBV1-varianten B95-8. Den fyrste heile genomsekvensen til eit EBV2-virus vart utgjeven i 2006 og var av varianten AG876.[6][7][8]