Romersk tilbaketrekking opna for innvandring frå Nord-Europa, av germansktalande folkegrupper som samla blir kalla angelsaksarar. Desse skipa fleire kongedømmer i det som blei dei viktigaste maktområda i noverande er England og i delar av det sørlege Skottland.[1]Angelsaksiske språk, eller gamalengelsk, erstatta tidlegare britonske (keltiske) språk. Angelsaksarane utfordra og var hyppig i strid med britonske statar i Wales, Cornwall, og Hen Ogledd («Gamle nord», britonsktalande delar av Nord-England og Sør-Skottland) og med kvarandre. Frå rundt 800 blei England herja av norrøne folkegrupper, vikingar, hovudsakleg frå Noreg og Danmark. Norrøne folk tok kontroll over store delar av dagens England, særleg den nordlegaste delen. I løpet av denne tida prøvde fleire kongar å sameina dei ulike angelsaksiske kongedøma, noko som til sist førte til at kongedømet England oppstod på 900-talet.
Under renessansen herska Huset Tudor over landet. Reformasjonen i England førte til nedlegging av alle klostera i landet, skipinga av ei ny anglikansk kyrkje og religiøs uro som mellom anna føre til den engelske borgarkrigen. Tidleg på 1700-talet blei England og Wales sameint med Skottland for å danna kongedømet Storbritannia. Den økonomiske veksten som kom med den industrielle revolusjonen, førte til at Storbritannia styrte verdas største imperium. I kjølvatnet av at koloniane blei avvikla på 1900-talet blei det meste av imperiet sjølvstendig, men den gjensidige kulturelle utvekslinga mellom England og desse tidlegare koloniane har halde fram til våre dagar.
Forhistorie
Fleire typar menneske har budd i England. East Anglia var folkesett av Homo heidelbergensis for om lag 700 000 år sidan, mens Boxgrove-funnet i Sussex daterer det britiske Heidelberg-mennesket til 500 000 f.Kr.[2] Det er funne spor etter neandertalarar i Sør-England frå før saaleistida (130 000–180 000 f.Kr.) og frå Eem-mellomistida (70 000–130 000 f.Kr.), men det er ikkje funne spor som er nyare enn 30 000 år.[3] I kvartærtida og den postglasiale tida har England fleire gonger vore landfast med det europeiske kontinentet, og har hatt dei same steinalderkulturane som Nordvest-Europa elles.[4]
Yngre dryas blei for 9 000 år sidan avløyst av subtropisk klima, der flodhest og andre tropiske dyr spreidde seg nord til Themsen i England. Det varme klimaet heldt seg i nesten 4 000 år, fram til England blei skild frå det europeiske fastlandet for 5-6 000 år sidan. På denne tida nådde også den vest-europeiske, megalittiske perioden England med bygging av kjempegraver og steinmonument, mellom dei Stonehenge. Vegen Sweet Track i Somerset Levels frå rundt 3800 f.Kr. er den eldste kjerrevegen brulagd med plankar som er oppdaga i Nord-Europa, og er blant dei eldste vegane i verda.[5]