Engebret-rørsla (vanlegare: Engebret-bevegelsen) var eit nettverk av kvinnelege journalistar i Oslo. Nettverket eksisterte i rundt ti år frå det første møtet hausten 1974. Det siste møtet i regi av rørsla vart halde 18. mars 1985.[1]
Namnet fekk dei frå Engebret Café, den gamle samlingsstaden for Oslo-journalistane,[2] der møta vart haldne. Dei fem journalistane som tok initiativ til nettverket, var Gerd Benneche (Dagbladet)[a]; Reidun Kvaale (Aftenposten); Gerda Vislie (Aftenposten); Anne Lise Stafne (Dagbladet) og Harriet Eide (Dagbladet).
Invitasjonen til første møte kom gjennom ein liten annonse i fagbladet Journalisten, oktober 1974. «Noe å snakke om?» var tittelen på annonsen, der kvinnelege journalistar vart inviterte til eit uformelt møte på Engebret café. På møtet 4. november 1974 var meir enn 60 kvinner til stades.[3]
Journalistyrket var på denne tida svært mannsdominert, og rørsla vart etablert som ein protest mot eksisterande strukturar og konvensjonar i yrket. Nettverket var ei debatt- og pressgruppe, som arbeidde for likestilling, hovudsakleg gjennom Norsk Journalistlag (NJ), men utan direkte tilknyting til journalistlaget. Dei ynskte å vera ei uformell rørsle.[4]
Tema som vart tekne opp var krav om likeløn og betre arbeidsvilkår, og spørsmålet om det fanst ein eigen kvinneleg journalistikk vart drøfta. Etterkvart tok fleire av deltakarane verv i journalistlaget, som dermed fekk sin første kvinnelege faglege sekretær, nestleiar og leiar. I 1981 vart NJ sitt likestillingsutval oppretta, og i 1983 vart det fatta vedtak om kjønnskvotering.[5] Likestillingsarbeidet vart no ivaretatt av Norsk Journalistlag, og Engebret-rørsla vart oppløyst.[6]
Bevegelsen hadde sitt tyngdepunkt i årene -74 til -80, så døde den gradvis ut. Men det betyr ikke at kampen døde hen, den bare flyttet seg. Anne Lise Stafne (2007).[7]
Merknadar
↑Nokre kjelder, til dømes Møst og Tovsen, nemner ikkje Benneche, medan Lindstad og Utheim nemner henne som ein av initiativtakaranene. Utheim omtaler henne til og med som ein viktig person i oppstarten av rørsla, av di ho var jurist, og allereie hadde tillitsverv i NJ