Lao (latin Laus, Laos eller Laüs; tidlegare òg Laino) er ei elv sør i Italia. Elva har utspring i Appenninane i provinsen Potenza i Basilicata og munnar ut i Policastrobukta (italiensk Golfo di Policastro) nær Santa Maria del Cedro i provinsen Cosenza i Calabria. Nær munningen ligg ruinane av den greske kolonien Laüs. Plinius den eldre og Klaudios Ptolemaios og Strabo nemner alle elva og skriv at ho var grensa mellom Lucania og Bruttium i antikken. (Strab. vi., p. 253; Plin. iii. 5. s. 10; Ptol. iii. 1. § 9)
Elvedalen er ein del av Pollino nasjonalpark.
Kjelder