Elizabeth Sullivan (28. oktober 1902–26. desember 1986) var ein britisk-amerikansk teater- og filmskodespelar kjend som Elsa Lanchester.
Som barn optredde ho med Isadora Duncan sin dansetropp i Paris. Ho byrja skodespelarkarrieren på eit barneteater i London.
Lanchester filmdebuterte i 1927 i One of the Best.
I 1929 gifta ho seg med skodespelaren Charles Laughton; dei blei verande gifte til han døydde i 1962.
Paret drog til Hollywood i 1934, og Lanchester blei ein populær skodespelar der. Ho spelte norke karakterroller, men var best i mindre eller komiske roller.
Nokre av hennar mest minneverdige roller er Anna av Kleve i The Private Life of Henry VIII frå 1933 og i tittelrolla som Bride of Frankenstein i 1935.
Kjelder