Eliteserien i handball 2002/03 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 14 lag og vart avvikla i tida frå 15. september 2002 til 2. april 2003.
Tittelforsvarar Larvik HK vart seriemeister for sjette gong. Meisterlaget bestod av Kristine Duvholt, Lina Olsson Rosenberg, Tonje Larsen, Birgitte Sættem, Kari Mette Johansen, Heidi Flaatnes, Katja Nyberg, Monica Meland, Sara Breistøl, Lene Lillevik, Tine Kristiansen, Linn-Kristin Riegelhuth, Inger Sofie Heieraas og målvaktene Lene Rantala, Mimi Kopperud Slevigen.
Poengtabell
Kjelder
- Eliteserien i håndball for kvinner 2002/03