Elin Ørjasæter (fødd 25. februar 1962) er ein norsk kommentator, forfattar, akademikar, redaktør og tidlegare hovudjeger.
Ørjasæter er cand.philol. med hovudfag i økonomisk geografi. Ho har vore informasjonssjef i bank, personaldirektør i Damm forlag (2005–2007), hovudjeger i tre ulike selskap, der ho mellom anna rekrutterte leiarar til Nasjonalmuseet, Nationaltheatret, Oslo Filharmoniske orkester, Nasjonalbiblioteket og Festspillene i Bergen.
Ho vart i 2004 kjend for utsagnet om at kvinner ikkje vert valde som toppleiarar fordi dei ikkje er villige til å ofre alt for jobben, og at dei manglar «killer-instinktet» som ein toppsjef må ha.[1]
Ørjasæter har vore spaltist i økonominettavisa E24. I 2018 var ho redaktør i Arbeidsnytt.[2]
Ho er også førstelektor ved Høyskolen Kristiania.[2]
Ho har gjeve ut to barnebøker, i tillegg til Lederboka, hodejegerens beste tips som kom ut på Cappelen hausten 2008.
Ørjasæter er gift med den skjønnlitterære forfattaren Nils Gullak Horvei.
Kjelder
Bakgrunnsstoff