Geir var eit varsla ekstremvêr utstedt 21. juni 2013 for Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Varselet gjaldt lokalt ekstremt mykje nedbør i løpet av kvelden og natta.[1] Det vart ikkje meldt om skadar på grunn av regnvêret.[2]
Vêrsituasjonen
Fuktige og ustabile luftmassar var på veg inn over Sør- og Austlandet. Nedbøren hadde byepreg og det var venta store variasjonar i nedbørsmengd frå stad til stad. Enkelte stader var venta å kunne få 50-90 mm i løpet av 12 timar.[1]
Verknad
Berre tre vêrstasjonar målte nedbør over 50 mm i løpet av episoden, og det var kanskje dermed ikkje berettiga å gje vêret status som ekstremvêr.[3]. Returperioden var 5-20 år på dei nedbørsmengdene som kom, men det kan ha kome meir nedbør andre stader enn der vêrstasjonane stod, sidan nedbøren kom i form av kraftige byer.[3]