Einar Halvorsen (fødd 13. desember 1944) er ein norsk siviløkonom, og Høgrepolitikar. Han var ordførar i Arendal kommune frå 20. oktober 2011[1] til 2015.
Halvorsen vart uteksaminert som ingeniør i Gøteborg i 1966 og som siviløkonom ved Handelshøyskolen BI i Oslo i 1970.
Han har arbeidd ved Norske Esso som utbyggingskonsulent, hjå Pusnes Marine and Offshore Services som innkjøpssjef, og hjå Scan Boats som administrasjonssjef. Frå 1987 til 2007 arbeidde han som banksjef i Nordea.
Han har vore initiativtakar og leiar av Sørlandets båtmesse i tre år, nestleiar ved Norwegian Grand Prix i fem år, styremedlem i 14 år ved Arendal Griegfestival, styremedlem i stiftinga Arendal byselskap og styreleiar ved Arendal kulturhus.
Politiske verv
- 2007-2011: Gruppeleiar i Arendal Høgre
- 2007-2011: Medlem av formannskap, planutval og kommuneplanutval i Arendal kommune
- 2009-2011: Opposisjonsleiar i Arendal bystyre
- 2011-2015: Ordførar i Arendal
Kjelder