Engelsk Edith stammar frå det gammalengelske Eadgyth. Dette namnet svarer til norrøne Audgunn, der første stavinga av ordet, auðr, tyder 'rikdom, lukke' og den andre, gunnr eller guðr, tyder 'kamp'.
Bruk
Namnet var brukt i det gammalengelske samfunnet, og fortsette å vera i bruk under normannarstyret. Etter 1400-talet blei det mindre vanleg, men Edith kom så i utbreidd bruk igjen i den engelskspråklege verda på 1800-talet. Edith var mykje brukt rundt 1880-talet i USA, og blei deretter gradvis mindre brukt.[1]
Historisk utvikling av populariteten til namnet Edith i Noreg.[2][3]
Edith var eit populært namn for norske jentebarn rundt 1920-talet.
I Frankrike var namnet mest brukt rundt 1950-talet.[4]
Namneberarar
Heilage Edith av Wilton (f. 961), også kjend som Eadgyth og Ediva.
Edith av Wessex (cirka 1020–1075), også kjend som Eadgythe, engelsk dronning