Edinburgh of the Seven Seas er den einaste busetnaden i øygruppa Tristan da Cunha. På øya er han berre kjend som «busetnaden» (eng.The settlement) eller «landsbyen» (eng. The village) sidan det ikkje finst andre busetnader.[1]
Edinburgh of the Seven Seas er rekna for å vera den mest avsidesliggjande busetnaden på jorda og ligg 2 173 kilometer frå næraste busetnad, som er St. Helena.[2] I landbyen er det ei lita hamn, eit postkontor og bustaden til administratoren, som leiar dei lokale myndigheitene.
Historie
Landsbyen vart grunnlagd på øya Tristan da Cunha i 1816 av ein sersjant Glass etter at Storbritannia annekterte Tristan da Cunha. For å hindre eventuelle franske forsøk på å redde Napoleon frå fangenskapen på St. Helena heldt ein militærgarnison til på øya. Han blei der fram til slutten an andre verdskrig
I 1961 vart busetnaden skada av eit vulkanutbrot og alle innbyggjarane måtte evakuerast til landsbyen Calshot i Hampshire i Storbritannia. I 1963 flytta dei fleste attende og bygde landsbyen opp att. Hamna fekk namnet «Calshot Harbour» etter den mellombelse heimen dei hadde under utbrotet.[4]
↑Courtney, Nicholas (2004). The Queen's Stamps. ISBN0-413-77228-4, side 28. Vitjinga fann stad då hertugen [[jordomsegling|segla jorda rundt] på HMS Galatea. Tristan da Cunha postkontor gav ut fire frimerke i 1967 for å feire hundreårsjubileet for hendinga.