Edgar Helge Bruun (4. august 1905–30. oktober 1985) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo som i 1938 vann bronsemedaljen i 50 kilometer kappgang under europameisterskapen i Paris. Han var medlem i idrettslaga Frogg og Hero.
Bruun gjekk den 28. juni 1936 inn til verdsbestetid i 50 km kappgang ved eit stemne i Oslo. Tida 4.26.41 galdt som verdsrekord i fem år. Fem veker etter rekordganga i Oslo deltok Bruun på same distansen ved dei olympiske sommarleikane i Berlin, der han med tida 4.34.53 vart femtemann i tevlinga, fire minuttar bakom vinnaren og etter å ha vore «til skogs tre ganger under konkurransen» grunna «trøbbel med maven». To år etter gjekk han i mål som bronsevinnar på 50-kilometeren då Friidretts-EM 1938 fann stad i Paris, 41 sekundar bakom toraren, Herbert Dill frå Tyskland. Bruun var ein av åtte deltakarar i kappgang-tevlinga ved EM i friidrett 1946 i heimbyen, der han opplevde å verte diskvalifisert etter 39 km. I Sommar-OL 1948 vart han fjerdemann på 50 km, nærare fem minuttar unna bronseplassen.
Brunn vann seks norske meisterskapstitlar på 50 kilometer, til saman vann han 20 NM-gull i kappgang på bane og på landeveg.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Kjelder
- Magnus Breili: Sport i navn og tall, 1971.