Ederswiler er ein kommune i distriktet Delémont i kantonen Jura i Sveits. Kommunen har 117 innbyggjarar (2010) og eit areal på 3 km². Kommunesenteret ligg 553 meter over havet. Han er den einaste tysktalande kommunen i kantonen, der alle elles er fransktalande.
Ederswiler er ein jordbrukslandsby, 7 km nord for Delémont, hovudstaden i kantonen Jura. Landsbyen ligg nord i Jurafjella, nær grensa til Frankrike. Han omfattar dalen Bösen, som vert drenert nordover i elva Lützel.
Kjelder
Bakgrunnsstoff