«Rock and Roll Deserves to Die» Utgjeve: 6. august 2019
«Heart Explodes» Utgjeve: 16. august 2019
«Easter Is Cancelled» Utgjeve: 26. september 2019
Easter Is Cancelled er det sjette studioalbumet til det britiske hardrockbandet The Darkness. Det kom ut 4. oktober 2019 på Canary Dwarf og Cooking Vinyl.
Bakgrunn
Albumet vart først annonsert 4. april 2019, via ein video publisert på den offisielle Youtube-kanalen til bandet, der bandmedlemmane las eit dikt.[1] Eit par dagar seinare annonserte dei òg detaljar om ein britisk turné for å marknadsføre albumet. Den første singelen frå albumet, «Rock and Roll Deserves to Die», kom ut 6. august 2019, i lag med ein tilhøyrande musikkvideo.[2]
Albumet fekk generelt positive meldingar. På Metacritic, som gjev ein normert karaktert opp til 100 basert på tilgjengelege meldingar frå ulike media, har albumet ein score på 70.[3]
I følgje Neil Yeung på Allmusic: «Trass i ein opprørande tittel og eit medfølgjande plateomslag som syner frontmannen Justin Hawkins som ein Jesus på krossen som klarar å kome seg laus, er albumet overraskande – etter Darkness-standard – tamt, fokusert og seriøst, og set til side openberr hedonisme og annan humor til fordel for litt hjarte og sjel ved å bruka kjente prøvesteinar som Queen, Thin Lizzy og AC/DC som deira soniske grunnlag. The Darkness er på ingen måte gamle og kjedelege her, dei har nettopp gjort ein samla innsats for å tilby meir substans i deira søken etter å oppvega verkelege vondskap som fromme hyklarar, løgnaktige politikarar og fascistiske bigotar. Easter Is Cancelled er ein svevande og melodisk evolusjon for mørket, eit friskt skritt inn i modning som beheld deira campy, moro-elskande ånd utan all smuss og skitt.»[4]