Galtvort, Svaart familien, Det britiske magidepartementet og Dødseterene (berre midlertidig).
Draco Malfang (engelsk Draco Malfoy) er ein viktig karakter i J.K. Rowlings serie om Harry Potter. Han er ein Smygard-elev som byrjar same år på Galtvort som Harry Potter og er ofte å sjå med bestevenene Vincent Crabbe og Gregory Goyle. Han blir framstilt som ein bortskjemt, feig bølle som brukear magi for å få det han vil, ofte med makt, men i seinare år vil ein skjøne at han eigentleg ville ha eit normalt liv.
Barndom
Draco vaks opp i ein rik familie, veldig stolt av å vere fullblods. Dracos far, Lucius Malfang, ville sende han til Durmstrang, men mora Narcissa Malfang syntest det var for langt vekke og sendte han til Galtvort. Draco går i same kullet som Harry Potter, men blei plassert i Smygard. Harry og Draco er fiendar frå fyrste stund dei møtes.