Douglas DC-7 er eit firemotors propelldrive passasjerfly produsert av Douglas Aircraft Company frå 1953 til 1958. Flyet var det siste store propellflyet frå Douglas og kom berre få år før jetflya Boeing 707 og Douglas DC-8. 338 fly vart produsert og rundt 40 var i aktiv teneste 2010.
Historia til flyet
Pan American World Airways bestilte DC-7 i 1945, som ein sivil versjon av det militære transportflyet C-74 Globemaster. Flyselskapet kansellerte ordren like etter. American Airlines gjenoppliva prosjektet då dei sende ein førespurnad om eit fly med større rekkjevidd enn Douglas DC-6 til dei transkontinentale rutane sine. På denne tida var Lockheed Constellation det einaste flyet som kunne fly utan stopp tvers over USA frå kyst til kyst i begge retningar. Douglas var motvillig til å byggja flytypen inntil styreformannen i American Airlines, Cyrus Rowlett Smith, la inn ein ordre på 25 fly, med ein totalpris på 40 millionar dollar, noko som òg dekte utviklingskostnadane til Douglas.
Prototypen flaug i mai 1953 og American Airlines fekk sin første DC-7 i november. Flyselskapet sette han inn i teneste kyst til kyst i USA, noko som tok 8 timar og gjorde at konkurrenten TWA vart tvinga til å tilby same teneste med Super Constellation. DC-7 var likevel prega av ustabile motorar og fleire transkontinentale flygingar vart omdirigerte på grunn av motorfeil i lufta.
Dei tidlege DC-7-flya vart berre selde til amerikanske flyselskap. Europeiske selskap kunne ikkje ta fordel av den auka rekkjevidda i dei tidlege DC-7-modellane. Difor utvikla Douglas ein variant med utvida rekkjevidd; DC-7C «Seven Seas» i 1956. Pan Am brukte DC-7C på dei første direkte flygingane sine New York-London, og tvinga dermed BOAC til å gå til innkjøp av flyet i staden for å venta på levering av Bristol Britannia. Flytypen vart òg brukt av SAS til dei første flygingane over Nordpolen til destinasjonar i Nord-Amerika og Asia.
Likevel vart salet av flytypen dårleg på grunn av at Boeing 707 og Douglas DC-8 vart lansert nokre få år seinare. I 1959 starta Douglas med å konvertera DC-7A og DC-7C til DC-7F fraktefly, som utvida levetida til flytypen betrakteleg.
I dag er fleire DC-7 basert i det vestlege USA, og brukt som brannslukkningsfly. Nokre få andre er brukt som fraktfly. På grunn av dets motorproblem hadde ikkje DC-7 den same lange levetida som DC-6, som enno er i omfattande bruk i ulike selskap. Det amerikanske luftforsvaret såg heller ikkje noko potensial i flyet, men det vart likevel kjøpt inn som transportfly av nokre få utanlandske luftforsvar.
Norskregistrerte DC-7
SAS hadde i åra 1956 til 1967 tilsaman 16 stk DC-7 (14 stk DC-7 og to stk DC-7C fraktfly)