Don Giovanni (K. 527; komplett tittel: Il dissoluto punito, ossia il Don Giovanni (Uthalaraen straffa eller Don Giovanni) er ein opera i to akter med musikk av Wolfgang Amadeus Mozart og ein italiensklibretto av Lorenzo Da Ponte. Han hadde premiere i Praha i Teatro di Praga (i dag Estates Teater) den 29. oktober 1787. Librettoen til Da Ponte vart som mange på denne tida merka som dramma giocoso, eit uttrykk som syner til ei blanding av seriøs og komisk handlingn. Mozart skreiv verket inn i katalogen sin som ein «opera buffa».
Operaen er ein viktig del av standardrepertoaret i opera og er i følgje Operabase den sjuande mest framførte operaen verda over.[1] Operaen har òg vore eit tema for forfattarar og filosofar.
Komposisjon og premiere
Verket var ferdig den 28. oktober etter at Da Ponte vart kalla attende til Wien for å arbeide på ein annan opera. Overturen til operaen vart skriven ferdig dagen før premieren. Instrumenteringa nyttar doble treblåseinstrument, horn og trompetar, paukar, basso continuo for resitativa, og dei vanlege strykarane. Mozart nytta òg tidvis spesielle musikalske effektar. For ballsalscenen mot slutten av førte akt nyttar Mozart ikkje mindre enn tre ensemble på scenne samstundes for å spele forskjellige dansemusikk synkronisert, kvar i sine respektive taktar. I akt to spela Giovanni mandolin.
Operaen hadde først premiere 29. oktober i Praha og fekk særs god mottaking. Mozart oversåg òg premieren i Wien, som fann stad den 7. mai 1788. For denne produksjonen skreiv han to nye ariar med tilhøyrande resitativ.
Allanbrook, W. J. (1983). Rhythmic Gesture in Mozart: Le nozze di Figaro and Don Giovanni Chicago. (reviewed in Platoff, John. "Untitled." The Journal of Musicology, Vol . 4, No. 4 (1986). s. 535–538).
Casaglia, Gherardo (2005). "29 Ottobre 1787". Almanacco Amadeus, 2005. Vitja 24. mars 2011.
Noske, F. R. "Don Giovanni: Musical Affinities and Dramatic Structure." SMH, xii (1970), 167–203; repr. in Theatre Research viii (1973), 60–74 and in Noske, 1977, 39–75
Ponte, Lorenzo da. Mozart's Don Giovanni. Dover Publications, New York, 1985. (reviewed in G.S. "Untitled." Music and Letters Vol 19. No. 2 (April 1938). s. 216–218)
Rushton, Julian G. (1981). W.A. Mozart: Don Giovanni Cambridge. (reviewed in Sternfeld, F. W. "Untitled." Music and Letters, Vol. 65, No. 4 (Oct. 1984) s. 377–378)
Schünemann, Georg and Soldan, Kurt (translated by Stanley Appelbaum) Don Giovanni: Complete orchestral and vocal score Dover 1974
Tyson, A. 'Some Features of the Autograph Score of Don Giovanni', Israel Studies in Musicology (1990), 7–26