Songen vart først gjeven til Louise Cordet, ein song som tidlegare hadde turnert med gruppa og The Beatles. Verjonen hennar vart produsert av Tony Meehan og kom ut på Decca Records i februar 1964.[1] Gruppa valde så å gje ut sin eigen versjon.[2] Innspelinga vart, som dei tidlegare innspelingane deira, produsert av George Martin.[1]
Han kom ut i april 1964 som den femte singelen til Gerry and the Pacemakers i Storbritannia og låg 11 veker inne på den britiske Record Retailer-lista, der han nådde sjetteplassen.[3] I USA vart singelen gjennombrotet for gruppa. Han låg 12 veker på BillboardHot 100 og nådde der ein fjerdeplass.[4] Songen debuterte på fjerdeplassen i på den kanadiske RPM «Top Forty-5s»-lista,[5] og nådde femteplassen på den kanadiske CHUM Hit Parade,[6] og sjetteplassen på «Lever Hit Parade» i New Zealand.[7]
Gerry and the Pacemakers framførte songen første gongen dei var på det amerikanske fjernsynsshowet The Ed Sullivan Show den 3. mai 1964.[8] Dei tidlegare hitsinglane til gruppa, «How Do You Do It?», «I Like It», «You'll Never Walk Alone» og «I'm the One» - kom så ut i USA og følgde opp suksessen, men ingen av dei nådde så høgt på lista som «Don't Let the Sun Catch You Crying».[4]