«Don't Cry for Me Argentina» er ein song skriven av Andrew Lloyd Webber med tekst av Tim Rice. Han vart først spelt inn av Julie Covington på albumet Evita frå 1976 og seinare for musikalen med same namn i 1978. Han vart i musikalen sungen av rollefiguren Eva Perón, og kjem tidleg i andre akt då Evita taler til menneskemassen frå balkongen sin i Casa Rosada i Buenos Aires i Argentina, og har ein sveipande melodi som er knytt til vide kjenslemessige tema som anger og trass, som er karakteristisk for dei mest populære Lloyd Webber-songane.
Songen deler melodi med «Oh What a Circus» og «Eva's Final Broadcast» frå same musikalen. Rice og Lloyd Webber fekk i 1977 Ivor Novello-prisen for beste song musikalsk og lyrisk.[1] Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.
Tittelen på songen kjem frå gravskrifta på ein plakett ved grava til Evita Peron ved La Recoleta gravplass i Buenos Aires. Plaketten vart presenter t av taxisjåførane i byen og seier noko slikt som «Ikkje gret for meg Argentina, eg er framleis like ved Dykk.»[2]
Originalversjonen
Musikalen Evita vart opphavleg produsert som eit album, før han vart tilpassa for scenen. Dette vart gjort på same måten for Jesus Christ Superstar. Julie Covington spelte hovudrolla som Eva Perón på albumet, som singelen kom frå. Songen vart først tilbydd til Elkie Brooks, som avslo songen.
Han vart gjeven ut i Storbritannia i desember 1976[3] og nådde førsteplassen på UK Singles Chart i februar 1977, og selde nesten ein millionar eksemplar i Storbritannia.[4] Singelen vart òg populær i Australia og New Zealand, og nådde toppen av singellistene i begge dei landa, i tillegg til fleire land i Europa. B-sida var «Rainbow High», òg frå Evita.
Då Covington ikkje ønskte å spele rolla i sjølve scenemusikalen i 1978, gjekk rolla til Elaine Paige i London. I USA gjekk rolla til Patti LuPone.[5]
Under Falklandskrigen i 1982 mellom Storbritannia og Argentina, vart songen stundom spelt sarkastisk av britiske regimentband medan dei gjekk i land på Falklandsøyane. Samstundes vart Covington-innspelinga forbode på BBC.[3]
Lister
Vekeslister
Årslister
Madonna version
Den amerikanske musikaren Madonna spelte inn hennar versjon av songen då ho spelte rolla som Evita i filmen Evita i 1996. Han vart gjeven ut i desember 1996 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet Evita. For singelutgåva spelte Madonna inn ein dance-remix, produsert av ho sjølv, Pablo Flores og Javier Garza. «Miami Mix»-versjonane har med tekst sungen på engelsk og spanglish.
Musikkvideoen var regissert av Alan Parker og syner klipp frå filmen.
Singelen vart ein stor hit verda over og nådde toppen av singellistene i fleire land, mellom anna Frankrike, der det vart den andre førsteplassen hennar (etter «La Isla Bonita»). Singelen nådde åttandeplassen i USA. i Europa vart det den niande singelen hennar som nådde toppen av Eurochart Hot 100 Singles. I følgje The Official Charts Company selde singelen 340 000 eksemplar i Storbritannia aleine.[18]
Innhald
- «Don't Cry for Me Argentina» (framført av Madonna) – 5:31
- «Santa Evita» (framført av Orchestra/John Mauceri) – 2:30
- «Latin Chant» (framført av Orchestra/John Mauceri) – 2:11
- UK «The Dance Mixes» CD-singel / Australsk CD-singel med utbrettbar plakat / tysk 12" singel
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit) – 4:31
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix Edit) – 4:29
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix) – 6:51
- «Don't Cry for Me Argentina» (album version) – 5:31
- US 12" / CD Maxi-single (1997)
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Alternative Ending)
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix)
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit)
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Dub Mix)
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Instrumental Version)
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix Edit)
|
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit) – 4:31
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix) – 6:51
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix) – 6:51
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Mix Edit) – 4:31
- «Don't Cry for Me Argentina» (Miami Spanglish Mix Edit) – 4:29
- «Don't Cry for Me Argentina» (Radio Edit) – 4:49
- «Don't Cry for Me Argentina» (Album Version) – 5:31
|
Lister
Vekeslister
Årslister
Liste (1997)
|
Plassering
|
Australia ARIA Singles Chart[36]
|
56
|
Belgia (Flandern)[37]
|
36
|
Belgia (Vallonia)[38]
|
18
|
Frankrike SNEP[39]
|
14
|
Italia[40]
|
21
|
Nederland (Mega Single Top 100)[41]
|
80
|
Sverige[42]
|
54
|
Sveits[43]
|
22
|
US Billboard Hot 100
|
87
|
Andre versjonar
Songen er òg spelt inn av mange artistar:
- Julie Covington (1976)
- Farhad Mehrad (1976)
- Olivia Newton-John (1977, på albumet hennar Making a Good Thing Better)[44]
- The Carpenters (1977, på albumet Passage)
- Petula Clark (1977, CBS single, den franske versjonen hennar «La Chanson d'Evita» nådde åttandeplassen i Frankrike.[45]). Ho spelte òg inn ein italienskspråkleg versjon kalla «La No flores por mi Argentina»
- Elaine Paige (1978 original London-besetning)
- Shirley Bassey (1978, på albumet hennar The Magic Is You og i 1993 på albumet hennar Sings the Songs of Andrew Lloyd Webber)
- The Shadows (1978)
- Festival (1979 ein discoversjon)[46]
- Tom Jones (1979, album Rescue Me)
- Patti LuPone (1979 original amerikanske besetning)
- The Dooleys (1980, på albumet Full House)
- Joan Baez (1980)
- Marti Webb (1981 på albumet hennar Won't Change Places og i 1995 på albumet Music and Songs from Evita)
- Donna Summer (1981) spelte inn songen, men han vart først gjeven ut i 1993 på The Donna Summer Anthology og 1996 I'm a Rainbow.
- Barbara Dickson (1985)
- Helene Fischer
- Stephanie Lawrence (1988)
- Laura Branigan (1990, Laura Branigan in Concert)
- Sinéad O'Connor (1992, på albumet hennar Am I Not Your Girl)
- Andrea McArdle (1995)
- Sarah Brightman (1996)
- Madonna, for filmen Evita
- The Mike Flowers Pops (1996)
- Maria Friedman (1996)
- Priscilla Chan (1997 Musical Encounters with Priscilla and the Philharmonic Orchestra)
- Iza gav ut ein eurodance-versjon av songen på «Dance World Television Hits Volume 2» i Polen i 1997.
- Judy Collins (1999, på albumet hennar Classic Broadway)
- Me First and the Gimme Gimmes (1999, på albumet Me First and the Gimme Gimmes Are a Drag)
- Julian Lloyd Webber i 2001 på albumet Lloyd Webber Plays Lloyd Webber
- Elena Roger
- Tina Arena (2003)
- Cilla Black
- Sharon Campbell
- Idina Menzel (2008 i høve 60-årsdagen til Andrew Lloyd Webber i London i Hyde Park )
- Fiona Hendley
- Katherine Jenkins
- Lea Michele og Chris Colfer (2010 for TV-serien Glee)
- Nicole Scherzinger – (2013) Andrew Lloyd Webber ITV1 40th anniversary special
- Amanda Harrison (2013) for I Dreamed a Dream: The Hit Songs of Broadway[47]
Kjelder
- ↑ Lister, David (28 May 1994). «Pop ballads bite back in lyrical fashion». The Independent (London, England: Independent Print Ltd). Henta 8. februar 2015.
- ↑ Rowe, Mark (23 February 2003). «They've got real team spirit in Buenos Aires». The Independent (London, England: Independent Print Ltd). Henta 8. februar 2015.
- ↑ 3,0 3,1 Queenan, Joe (7 September 2007). «The origin of Don't Cry For Me, Argentina». The Guardian (London, England: Guardian Media Group). Henta 8. februar 2015.
- ↑ «Friday teaser». Evening Times. 3 May 1985. s. 25. Henta 9 November 2010.
- ↑ "Mandy, Patti – real cozy | Philadelphia Inquirer | 10/27/2007", Philly.com, October 2007, webpage: Philly7.
- ↑ 6,0 6,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales, Australia: Australian Chart Book. ISBN 978-0-64611-917-5.
- ↑ "Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Ultratop.be – Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Julie Covington - Don't Cry for Me Argentina". Charts.de. Media Control. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Don't Cry for Me Argentina". Irish Singles Chart. Retrieved 8. februar 2015.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Charts.org.nz – Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina". VG-lista. Hung Medien. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Swedishcharts.com – Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina". Topp 60. Hung Medien. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Julie Covington – Don't Cry for Me Argentina – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 8. februar 2015.
- ↑ Scaping, Peter; Hunter, Nigel, red. (1978). «Top 100 Singlar in 1977». BPI Year Book 1978 (3rd utg.). British Phonographic Industry. s. 216–17. ISBN 0-906154-01-4.
- ↑ «Madonna: The Official Top 40». MTV. MTV Networks. Arkivert frå originalen 30. oktober 2013. Henta 8. februar 2015.
- ↑ "Australian-charts.com – Madonna – Don't Cry For Me Argentina". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Madonna – Don't Cry For Me Argentina – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – Madonna – Don't Cry For Me Argentina" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Ultratop.be – Madonna – Don't Cry For Me Argentina" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 8. februar 2015.
- ↑ Billboard: Hits of the World (15 February 1997)
- ↑ "Finnishcharts.com – Madonna – Don't Cry For Me Argentina". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ "Lescharts.com – Madonna – Don't Cry For Me Argentina" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Don't Cry For Me Argentina". Irish Singles Chart.
- ↑ «Madonna: Discografia Italiana» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. 1984–1999. Henta 8 January 2010.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Madonna search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ "Charts.org.nz – Madonna – Don't Cry For Me Argentina". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Madonna – Don't Cry For Me Argentina". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Madonna – Don't Cry For Me Argentina – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Swedishcharts.com – Madonna – Don't Cry For Me Argentina". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ «ARIA Charts – End of Year Charts – Top 100 Singlar 1997». Henta 8. februar 2015.
- ↑ «JAAROVERZICHTEN 1997» (på nederlandsk). Henta 8. februar 2015.
- ↑ «RAPPORTS ANNUELS 1997» (på fransk). Henta 8. februar 2015.
- ↑ «Classement Singlar – année 1997» (på fransk). Arkivert frå originalen 29. juli 2012. Henta 8. februar 2015.
- ↑ «I singoli più venduti del 1997» (på italiensk). Henta 8. februar 2015.
- ↑ «JAAROVERZICHTEN – SINGLE 1997» (på nederlandsk). Henta 8. februar 2015.
- ↑ «www.sverigetopplistan.se – Ĺrslista Singlar – Ĺr 1997». Hitlistan.se. Arkivert frå originalen 8. februar 2015. Henta 8. februar 2015.
- ↑ «SWISS YEAR-END CHARTS 1997» (på tysk). Henta 8. februar 2015.
- ↑ «Olivia's singles releases 1975–77». Only Olivia international fan club.
- ↑ «French Record Charts». Petula Clark.net. Arkivert frå originalen 31. januar 2012. Henta 8. februar 2015.
- ↑ «Music: Disco Evita (CD) by Festival (Artist)». Tower.com. 22. april 1997. Henta 8. februar 2015.
- ↑ «I Dreamed A Dream – Hit Songs of Broadway». ABC. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 14 June 2013.