«Do It Again» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart først gjeven ut som singel av The Beach Boys i 1968 på Capitol Records. Songen vart spelt inn i mai og juni 1968 og kom òg på albumet 20/20 i 1969. På songen finst det nokre lydar på slutten av sporet som kom frå det skrinlagde Smile-prosjektet. B-sida til singel var «Wake the World». Songen vart produsert av Brian og Carl Wilson med Mike Love på solovokal.
Komposisjonen
Teksten til songen, som opphavleg heitte «Rendezvous», var inspirert av ein dag Mike Love hadde vore på stranda og surfa med den gamle venen Bill Jackson.[1] Love viste så teksten til Brian Wilson, som skreiv musikken til den nostalgiske teksten til Love. Brian Wilson har seinare sagt at han meiner dette var det beste samarbeidet dei nokon gong gjorde.[1]
Mange kritikarar og tilhengjarar merka seg at bandet her gjekk tilbake til surfestilen, som bandet hadde unngått sidan 1964.
Innspeling
Etter seks veker med lite arbeid i studio (sidan bandet var opptekne med ein turne) gjekk bandet tilbake i studio 26. mai 1968 og starta innspelinga av «Do It Again» i heimestudioet til Brian i Bel Air i California. Innspelinga var produsert av Brian og Carl. Etter å ha lagt ned akkompagnementet la dei på vokal, gitar og orgel, samt ein ny gitarsolo. Fleire instrument vart lagt på den 6. og 10. juni.
Under miksinga av albumet kom visstnok lydteknikaren Stephen Desper fram til trommeeffekten ein kan høyre i starten av songen. Mange meiner at denne lyden var medverkande til at singelen vart ein suksess.
Singelen
Singelen kom ut med «Wake The World» som B-side i USA den 8. juli 1968. Singelutgåva er litt forskjellig frå albumutgåva og har ikkje lydane frå Smile i slutten. Singelen nådde listene 28. juli og gjekk opp til 20. plass. Dette var den siste Topp 20-plasseringa til bandet i USA før «Rock and Roll Music» i 1976, som nådde 5. plass.
I august 1968 kom singelen ut i Europa og vart den andre førsteplassen bandet oppnådde i Storbritannia. I Australia vart singelen den første bandet oppnådde førsteplassen med. I Tyskland gjekk singelen til fjerdeplass. I Nederland og Noreg stoppa singelen på femteplass.
Det vart laga ein promofilm av Peter Clifton for singelen. Filmen syner bandet som køyrer i ein varebil ned til stranda og surfar.
Salslister
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Badman, Keith (2004). The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage og in the Studio. s. 221.
- ↑ «austriancharts.at The Beach Boys – Do it Again» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta April 14, 2013.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 1. oktober 2016.
- ↑ «dutchcharts.nl The Beach Boys – Do it Again» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta April 14, 2013.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Do It Again". Irish Singles Chart. Retrieved July 11, 2017.
- ↑ «New Zealand Singles Charts». mountvernonandfairway.de. Henta 13 November 2007.
- ↑ «norwegiancharts.com The Beach Boys – Do it Again» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta April 14, 2013.
- ↑ «The Beach Boys – Do it Again– hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta April 14, 2013.
- ↑ Cash Box Top 100 Singles, September 14, 1968
- ↑ Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X.
- ↑ Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, December 28, 1968