| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |
Djuice er eit dotterselskap til teleselskapet Telenor og sel mobilabonnement i Noreg og Europa. På verdsbasis er Djuice verdas neste største mobiloperatør basert på abonnement til yngre menneske med 12 millionar abonnentar.[treng kjelde]
Historie
Djuice blei oppretta som Telenors ungdomssatsning i år 2000, og driv i dag verksemd i Noreg og Ungarn (frå 2003), Bangladesh (frå 2005), Montenegro (frå 2008), Pakistan (frå 2006), Sverige og Ukraina (frå 2003). Operatøren hadde også drift i Malaysia, New Zealand og Thailand, men har i dag trekt seg heilt ut.
Bangladesh
Djuice blei lansert i Bangladesh av Grameenphone 14. april 2005, dvs. på den Bengalske nyårsaftan. Heilt sidan lanseringa har djuice fått mykje god respons frå publikum.[treng kjelde] Før to år hadde passert i Bangladesh hadde selskapet nådd 2 millionar abonnentar.[treng kjelde]
Djuice Bangladesh har et talentprogram kalla dRockstars som søker etter landets beste rockeband.
Bakgrunnsstoff
Kjelde