Distriktet Maloja (tysk Bezirk Maloja, italiensk distretto di Maloggia, retoromansk dertgira Maloja) er eit distrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet har namn etter Malojapasset og omfattar det i hovudsak tysktalande Øvre Engadin på nordaustsida av passet, og det i hovudsak italienskspråklege Bregaglia på sørvestsida. Øvre Engadin har dessutan ein større minoritet av retoromansktalande. For heile distriktet er språkandelane av tysk, italiensk og retoromansk høvesvis 55%, 22% og 13%. Distriktet dekker eit areal på 975 km² og har om lag 18 000 innbyggarar.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Maloja består av to krinsar (tysk Kreis, italiensk circolo, retoromansk circul) og 16 kommunar (tysk Gemeinde, italiensk comune, retoromansk cumün). Krinsane og kommunane er:
Folketal og språkdelar byggjer på folketeljinga frå 2005.
Kjelde