Distriktet La Chaux-de-Fonds er eitt av seks distrikt i kantonen Neuchâtel i Sveits. Distriktet, som ligg lengst nord i kantonen, hadde 38 688 innbyggarar i 2010 og dekte eit areal på 92,9 km². La Chaux-de-Fonds grensar i nordvest mot Frankrike, og i aust mot kantonen Bern.
Distriktet La Chaux-de-Fonds omfattar tre kommunar. Bykommunen som distriktet har namn etter, er heilt dominerande kva gjeld folketal. Vel 1 000 menneske bur i dei andre to kommunane; La Sagne og Les Planchettes.
Kjelder