Disneyland Park er ein fornøyelsespark i Anaheim i California i USA. Han er den fyrste disneyparken som blei laga, og den einaste utforma og bygd under oppsynet til Walt Disney.
Bygginga av parken byrja 1954, og han opna i 1955. Han blei seinare omslutta av Disneyland Resort. Disneyland ligg ca. 45 km søraust for sentrum av Los Angeles.
Kjelder