Dinar (tidlegare gammalgresk Kelaenae-Apàmea, Κελαιναι-Απαμεια) er ein by og eit distrikt i provinsen Afyonkarahisar i Egearregionen i Tyrkia, 106 km from byen Afyon. Byen har kring 25 000 innbyggjarar.
Byen ligg mellom ruinane av Kelaenae-Apamea, nær kjelda til elva Büyük Menderes. I gresk mytologi var dette åstad for ein musiakalsk duell mellom Apollo og Marsyas.
Dinar er i dag ein liten by i eit landleg område. Området vart råka av eit kraftig jordskjelv i 1995, som førte til at mange flytta frå området.
Kjelder
Bakgrunnsstoff