Diego Ramírez-øyane (spanskIslas Diego Ramírez) er ei lita chilensk øygruppe som ligg om lag 100 km sør for Kapp Horn i Eldlandet og 93 km sør-søraust for Ildefonso-øyane. Diego Ramírez-øyane er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika.
Administrativt høyrer øyane inn under provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena, den sørlegaste regionen i Chile. Øyane ligg i to grupper med eit 3 km breitt sund i mellom. Dei største av øyane er Bartolomé-øya og Gonzalo-øya; dei ligg begge i den sørlegaste gruppa. Aguila-holmen utgjer det aller sørlegaste punktet i Sør-Amerika.
Ein meteorologisk stasjon nordaust på Gonzalo-øya er bemanna. Bortsett frå det er øyane utan busetnad.
Historie
Øyane vart oppdaga den 12. februar 1619 under Garcia de Nodal-ekspedisjonen. Denne var blitt til på ordre av kong Filip III av Spania og hadde til oppgåve å kartleggja farvatnet mellom Atlanterhavet og Stillehavet sør for Kapp Horn. Øyane fekk namn etter kosmografen på ekspedisjonen, Diego Ramírez de Arellano.[1] Ved oppdaginga galdt Diego Ramírez-øyane som den sørlegaste landområdet som nokonsinne var blitt registrert. Øyane heldt på denne posisjonen fram til Sør-Shetlandsøyane vart oppdaga i 1775.
Chile overtok eigarskapen over øyane etter at landet vart ein sjølvstendig stat i 1818. Den chilenske regjeringa leigde ut øyane til Pedro Pablo Benavides i 1892. Han fekk bu på øyane og leva av fiske i byte mot at han bygde eit fyrtårn, ei hamn og ein skulebygning der. Leigekontrakten gjekk seinare over til andre.
I 1957 oppretta den chilenske marinen ein meteorologisk stasjon nordaust på Gonzalo-øya[2] som framleis er i aktivt i bruk.