Devilsmother er eit fjell på 645 meter over havet i Connemara på grensa mellom County Galway og County Mayo i Republikken Irland.
Devilsmother høyrer til Partryfjella. Det ligg ved Killary Harbour, med utsyn over turstien Western Way.
Namn
Fjellet har to namn på irsk: Magairlí an Deamhain, som tyder ‘demonen sine testiklar’, og Binn Gharbh, som tyder ‘ru topp’.[1] Dei angliserte namna «Mogarlyandoon» og «Ben Garrif» finst på nokre historiske kart. Det noverande engelske namnet «Devilsmother» kan vera ei eufemistisk omskriving eller kan stamma frå eit anna namn.[1]
Kjelder