Det mongolske riksvåpenet (mongolsk Монгол улсын төрийн сүлд, Mongol ulsyn töriin süld) er eit symbol for Mongolia som fekk si noverande utforming samtidig som landet fekk ny grunnlov i 1992. Våpenet er eit sirkulært blått emblem.
Sentralmotivet er ein stilisert vindhest med det mongolske sojombo-symbolet, som ein også finn på det mongolske flagget.
Det er omkransa av ei ramma med mønster av sammenfletta krossar (tumen nasan), som symboliserer æve.
Øvst er dei tre julevane i buddhismen: Buddha, dharma og sangha (chandmani).
Under er grøne åser og livshjulet (bhavacakra) med eit seremonielt skjerf (khata) avbilda.
Våpenet har ein fot forma som ein kvit lotus.