Det Norske Akademis ordbok (forkorta NAOB) er eit digitalt ordboksverk over norsk bokmål og riksmål som består av 225 000 artiklar eksemplifisert med 300 000 sitat.[1] Det er utgjeve av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Kunnskapsforlaget og vart lansert i januar 2018. NAOB er fritt tilgjengeleg og blir løpande oppdatert.
NAOB er ei vidareføring av Norsk Riksmålsordbok, som vart utgjeven i seks trykte bind i perioden 1937–1995, men er likevel eit nytt og sjølvstendig verk, skapt for bruk på internett.[2] Ordboka har Svenska Akademiens ordbok og Oxford English Dictionary som førebilete.[3]
Referansar
Bakgrunnsstoff