Den Norske KlubDen Norske Klub er ein sosial klubb i London. Han vart stifta 17. mai 1887.[1] Medlemmer av klubben er nordmenn busette i London eller britar med tilknyting til eller interesse for Noreg. Klubben er den eldste av sitt slag i Storbritannia, og er framleis ein viktig møteplass for det norske samfunnet i London. I dagI 1997 vart Norway House selt, og etter eit par år då klubben delte lokale med den danske klubben i London, flytta Den Norske Klub til Naval & Military Club, også kjent som The In and Out i 2000. Dei noverende lokala til klubben ligg ved St James's Square, mellom Piccadilly Circus og Pall Mall. Han deler bygning, og har nært samarbeid, med The Naval and Military Club. Kongeleg beskyttelseKong Haakon VII vart den fyrste beskyttaren for klubben. Kong Olav V var ærespresident frå 1957 til han døydde i 1991. Kong Harald V og dottera, prinsesse Märtha Louise, er æresmedlemmer i dag. Litteratur
Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Den Norske Klub |