Nigeria er delt inn i 36 delstatar og eitt føderalt territorium (hovudstaden Abuja). Desse er vidare delte inn i lokale styresmaktområde (Local Government Areas).
I kolonitida var Nigeria delt inn i tre provinsar; Nord-, Aust- og Vestprovinsen, i tillegg til Lagos. Etter sjølvstendet i 1960 blei nemninga endra til regionar. I 1963 blei talet utvida til fire regionar. Sidan 1967 har ein hatt delstatar – i byrjinga 12, så 19 frå 1976, 21 frå 1987, 30 frå 1990 og 36 sidan 1996.
Tabellen under listar opp alle delstatane og dessutan det føderale territoriet i alfabetisk rekkefølgje.