Deiraøya er ei gruppe kunstige øyar i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. Prosjektet var opphavleg planlagt som ein del av Palm Islands og vart kalla Palm Deira.
Tidleg i oktober 2007 var 20 % av den opphavlege palmeøya ferdig, og ein hadde nytta 200 millionar kubikkmeter sand, og i 2008 var over ein fjerdedel ferdig.[1] I november 2008 vart planane endra og sidan 2008 har prosjektet vore lagt på is.[2][3]
I oktober 2013 annonserte utviklaren Nakheel at prosjektet var endra og at dei kom til å kalle øya 'Deira Island'. Deira Island vil ha kring 1400 butikkar, eit hotell og eit amfiteater.
Galleri
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff