Dei kantabriske fjella (spanskCordillera Cantábrica) er ei fjellkjede nord i Spania som strekkjer seg meir enn 300 km frå dei vestlegaste områda av Pyreneane (Baskarfjella) til grensa til Galicia og nær kysten av Biscayabukta. Det finst fleire verneområde i Dei kantabriske fjella, som har mange turstiar, utfordrande klatreruter og skisenter.
Geografi
Dei kantabriske fjella strekkjer seg frå aust til vest, nesten parallelt til kysten, så langt som til fjellovergangen Leitariegos. Ho strekkjer seg òg sørover mellom León og Galicia. Den vestlege grensa til fjellkjeda er markert av elvedalen Miño (portugisiskMinho), den lågare Sil, som munnar ut i Miño og av Rio Cabrera, ei lita sideelv til Sil.
Nokre geografar reknar fjella i Galicia, bortanfor Miño som ein del av det same systemet, medan andre berre nyttar namnet om den austlege halvdelen av høglandet mellom Galicia og Pyreneane, og kallar den vestlege halvdelen Asturiasfjella. Det er òg mange lokale namn på dei mindre fjellkjedene og ryggane i fjella, mellom anna Picos de Europa.
Dei kantabriske fjella er merkverdige på grunn av dei mange forgreiningane, men nesten alle stader, og særleg i aust, er det mogeleg å skjelne to hovudkjeder. Frå desse går det mindre ryggar og fjellmassar ut til sidene. Ei av fjellkjedene, eller rekkjer av fjellkjeder, følgjer kystlinja tett, medan den andre, som er høgare, dannar den nordlege grensa for den store høgsletta Castilla y León og vert stundom rekna som ei forlenging av Pyreneane. Kystfjella stig somme stader bratt opp frå havet, og mange av elvane på denne sida av fjella er derfor ofte korte og raske.
Sørsida av fjellkjeda er slakare ned mot høgsletta i Castilla med fleire store elvar. Ebro er ei av elvane som spring ut her. Breidda til Dei kantabriske fjella, med alle forgreiningane, er om lag 60 km i aust til om lag 115 km i vest. Mange av toppane er over 2000 meter høge, men dei høgaste fjella finn ein langs den sentrale ryggen på grensa mellom León, Asturias, Palencia og Cantabria. Her er dei høgaste fjella Torre de Cerredo (2648 moh), Peña Vieja (2615 moh), Peña Prieta (2531 moh) og Espigüete (2407 moh). Ein fjell topp utan namn i Picos de Europa, stig opp frå høgrebreidda av Rio Sella til ei høgd på 2452 moh. Lenger vest ligg fjella Manpodres, Peña Ubiña, Peña Rubia og Cuiña som alle når over 2100 moh. Både i fjellkjeda og den tilstøytande høgsletta finst mange isolerte platå med høge fjell og bratte fjellveggar imellom.
Sierra de Ancares er ei forlenging sørvestover frå Dei kantabriske fjella, og dannar grensa mellom Galicia og Léon.
Natur
Dei kantabriske fjella er heim for mange viktige planter, samt den kantabriske brunbjørnen (Ursus arctos pyrenaicus), som er utryddingstruga. Bjørnen vandrar frå Léon til område i Palencia og Cantabria. I tillegg finst her tiur (T. urogallus cantabricus).
Andre dyr som finst i fjella er iberiaulv (Canis lupus signatus), pyreneisk gemse (Rupicapra pyrenaica) og rebeco, eller kantabrisk gemse (Rupicapra pyrenaica parva).