| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |
Dei Liberale - Europapartiet (De Liberale - Europapartiet) var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1989. Partiet oppstod av det mindretalet i Det Liberale Folkepartiet som ikkje ville vera med på samanslåinga med Venstre i 1988. Dei Liberale - Europapartiet hadde norsk EF-medlemskap som si viktigaste sak. Dei stilte lister i ni fylke og fekk til saman 470 røyster, eller 0,02 % av røystene. Partiet vart soleis ikkje representert på Stortinget.
Nokre av dei same kreftene stifta i 1992 på nytt eit parti ved namn Det Liberale Folkepartiet.