Dawn of the Black Hearts er det andre konsertalbumet til Mayhem. Svartmetallalbumet er kanskje mest kjent for sitt kontroversielle plateomslag: eit fotografi av den daude vokalistenDead, etter sjølvmordet hans i april 1991. Albumet vart kåra til det mest kontroversielle plateomslaget av Gigwise.com i artikkelen deira «The 50 Most Controversial Covers of All Time».
Albumet vart utgjeve 1995, fem år etter innspeling. 300 kopiar vart opphavleg utgjevne av Warmaster Records, eit dotterselskap til Columbia. Desse inneheldt berre åtte spor frå konserten i Sarpsborg, 28. februar 1990. Desse tidlegaste kopiane i inneheldt òg Mayhems logo i gullblekk.
Albumet har vore utgjeve fleire gonger på CD av andre plateselskap; også Warmaster Records har gjort det same. Desse versjonane inneheld ofte ein konsert frå 1986 frå Ski, med Messiah på vokal. Nokre av plateselskapa hevder – feilaktig – at konserten er frå Lillehammer med vokalisten Maniac og Manheim på perkusjon. Lillehammer-konserten gjev akt på å vera meir eksluvist og sjeldan enn Ski-konserten.
Innhald
Opphavleg sporliste (innspelt i 1990 i Ski, med Dead som vokalist):
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«Deathcrush»
3:36
2.
«Necrolust»
4:19
3.
«Funeral Fog»
6:38
4.
«Freezing Moon»
6:06
5.
«Carnage»
4:18
6.
«Buried by Time and Dust»
5:46
7.
«Chainsaw Gutsfuck»
3:59
8.
«Pure Fucking Armageddon»
3:15
Ekstra spor på CD, innspelt i 1986, med Manheim på slagverk og Messiah på vokal: