David Lawrence «Dave» Hlubek (28. august 1951–3. september 2017) var ein USA-amerikansk sologitarist og opphavleg medlem i southern rock-bandet Molly Hatchet.
Hlubek skipa Molly Hatchet i 1971. Vokalisten Danny Joe Brown kom inn i bandet i 1974 i lag med Duane Roland, gitaristen Steve Holland og bassisten Banner Thomas, før and Bruce Crump kom inn i 1976. Hlubek var òg den opphavlege vokalisten då dei starta, og skreiv flest songar for bandet, mellom andre hitten deira «Flirtin' with Disaster».
I 1987 vart Hlubek erstatta av sologitaristen Bobby Ingram.[1] Hlubek har sjølv innrømd at han var «utoleleg» på grunn av stjernenykker og dopmisbruk.[2] Hlubek spelte mellom anna i The Southern Rock Legends, i lag med tidlegare medlemmar frå Lynyrd Skynyrd og Blackfoot. I 2005 var han attende i Molly Hatchet.
Kjelder