Dargle (irskAn Deargail, 'liten raud flekk') er ei elv på Irland. Ho har utspring i Wicklowfjella på nordsida av Djouce. Ho inneheld den største fossen i Irland, med eit fall på 121 meter ved Powerscourt. Ho renn så gjennom dalen Glencree der ho mottar elva Glencree før ho renn austover og ut i Irskesjøen ved Bray Harbour.