Damanganga (gujarati દમણગંગા Damaṇgaṅgā [ˌd̪ʌmʌɳˈɡʌŋɡɑː]) eller Daman-Ganga er ei elv i Vest-India. Ho har utspring i Dei vestlege Ghatfjella i Valsad-distriktet sør i Gujarat, og munnar ut i Arabiahavet i vest. Damanganga er 64 kilometer lang.
Elva renn gjennom delstatane Gujarat, Maharashtra og unionsterritoria Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu. Industribyane Vapi, Dadra og Silvassa ligg på nordbreidden av elva, medan Daman ligg på begge sider av estuaret ho dannar ved munningen.
Kjelder