Dagny Tande Lid (25. mai 1903–28. januar 1998) var ein norsk målar, illustratør og lyrikar.
Dagny Tande var ei prestedotter fødd i Nissedal kommune i Telemark. Ho var gift med botanikaren Johannes Lid. Ho døydde i Oslo.
Lid oppnådde internasjonalt ry for planteteikningane sine, og ho er kjend for dei eigenillustrerte diktsamlingane sine, for botaniske illustrasjonar på norske frimerke og for illustrasjonane i Johannes Lids standardverk Norsk flora. Ho har også illustrert andre bøker om blomstrar, blant anna Olav Gjærevolls Fjellflora, som sidan 1952 har hatt eit samla opplag på 325 000 eksemplar.
Bakgrunnsstoff