Dag Wirén (15. oktober 1905–19. april 1986) var ein svensk komponist. Han var utdanna ved musikkhøgskulen i Stockholm og i Paris. Han Skapte i ein lett polyfon, nærast nyklassisistisk stil ei rekkje instrumentalverk. Det mest kjende verket er Serenad för stråkorkester (1937). Elles kan nemnast fem symfoniar, klaverkonsert, 2 cellokonserter, 5 strykekvartettar, scenemusikk, filmmusikk (Fröken Julie, 1951), korverk og klaverstykke.
Kjelder
«Dag_Wirén» i Store norske leksikon, snl.no.