Dag Bjerke (fødd 15. oktober 1966) er ein norsk lokalpolitikar for Framstegspartiet. Han var ordførar i Enebakk kommune frå 2008 til 2011. Han var varaordførar etter kommunevalet i 2007, men overtok som ordførar då forgjengaren Tore Tidemann døydde. Etter valet i 2011 vart han varaordførar att.