DS «Ternen»
DS «Ternen» var eit dampskip levert frå Thorskogs Mekaniske Verkstad i Sverige i august 1897 til AS Ternen / v. Michael Blom Bakke, Arendal. I perioden 1904-1957 var ho ein lokalrutebåt i rute Bergen-Austevoll-Fitjar, i alle år etter 1923 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. «Ternen», som på folkemunne blei kalla Tedno, var ein populær båt som rakk å bli noko av ein institusjon i det verharde ruteområdet. I 1957 vart ho selt til Holmestrand, ombygd til motordrift og nytta i lokalrutefart Holmestrand-Oslo fram til 1962. Båten vart vurdert ombygd til fraktefartøy på Vestlandet, men var for dårleg i skroget og gjekk derfor til opphogging i 1963. SørlandetPå Sørlandet gjekk «Ternen» i kystrutefart Arendal-Kristiansand og «hurtigrute» Arendal-Kristiania (Oslo). HordalandI januar 1904 vart skipet seld til Hordalands Dampskibsselskab i Bergen og nytta i lokalrutefart. Gjekk tre dagar i veka Bergen-Austevoll-Fitjar (Bergen-Bratholmen-Ekerhovd-Søre Lie-Lerøy-Klokkarvik-Kleppsholmen-Håkonsund-Krosshamn-Hufthamar-Torangsvåg-Austevollshella-Storebø-Rostøysund-Kvalvåg på Stolmen-Djupevåg-Rabben-Fagerbakke-Bekkjarvik på Selbjørn-Vinnesvågen sør på Hufterøy-Gloppevågen-Fitjar). Ho gjekk òg to dagar i veka Bergen-Askøy (Varnesund, Tveitevåg og Haugland). Båten var populær (kalla Tedno på folkemunne), men eigarskapet sleit med å få lønsam drift. I februar 1923 vart eigarselskapet med båt og rute overteke av Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i Bergen for 50 000 kroner. Dette hadde òg vore på tale i 1909, men vart då ikkje noko av. Skipet fortsette i dei same rutene. 1. januar 1927 vart ruta på Askøy overteke av Dampskibsselskabet Topdal etter forhandlingar med HSD. «Ternen» fortsette i ruta Bergen-Austevoll-Fitjar på heiltid. Under heile andre verdskrigen gjekk skipet i ruta si. Sommaren 1945 vart ho overhalt og reparert ved Frydenbø Slip på Damsgård i Bergen og hausten 1945 var ho sett i fart att. I 1948 vart ho ombygd og modernisert. Ombygging til motordrift vart vurdert, men ikkje gjennomført. Overbygningen vart forlenga akterover. I juli 1952 vart ruta på Austevoll-Fitjar overteke av den innleigde lokalrutebåten «Skjærgaard». «Ternen» vart då opplagt som reservebåt. OslofjordenI mars 1957 vart ho seld til Hurum-Holmestrand-Ruten i Holmestrand og ombygd til motordrift. Ho vart nytta i lokalrute Holmestrand-Oslo. I 1961 vart ruta innstilt og båten gjekk i opplag. Våren 1962 vart ho seld til Ivar Matre i Sandeid / reg. Holmestrand. Ho var tenkt ombygd til fraktefartøy, men skroget var i for dårleg stand, så sommaren 1963 vart ho hogd opp i Ølensvåg. KjelderData nn/DS %C2%ABTernen%C2%BB Tidak ditemukan |