DR, tidlegare Danmarks Radio, er statskringkastaren i Danmark. DR vart stifta i 1925 og er ein offentleg tenesteorganisasjon. Han er det eldste og største elektroniske medieføretaket i Danmark.
P2 vert berre kringkasta på FM, men den klassiske musikkanalen på DAB DR Klassisk har samsending med P2 frå 0.00 til 8.00.
P3/Program 3
Hit-radio, med populære underhaldningsshow og tre-minutts nyhendebulletinar kvar time. P3 dekkjer også store sportshendingar.
P3 vert kringkasta på FM og DAB.
P4/Program 4
Den DR-radiokanalen som vert mest lytta til: ein «moderne offentleg stasjon» som vert kringkasta i ni regionale versjonar, populærmusikk som vert miksa med dansk musikk og lokale nyhende.
P4 med reine regionale versjonar vert berre kringkasta på FM.
DAB stasjonar
Musikkanalar
DR Boogieradio
DR Jazz
DR Klassisk
DR Rock
DR Soft
Nyhendekanalar
DR Erhverv – nyheiter, økonomi, finans osb.
DR Nyheder – alltid nyhende
DR Politik – direktedekking av parlamentariske møte
DR Sport
Andre kanalar
DR Event - dekkjer nasjonale hendingar
DR Gyldne Genhør - «tidsmaskinradio»: atthøyr med drama, komedie og populær musikk frå DR sine radioarkiv
DR Junior - for ungar
DR Kanon Kamelen - historier og songar for 3- til 6-åringar
DR Litteratur - lydbøker og anna bokstoff frå DR sine arkiv
DR Kultur - kulturkanalen
P1 - sjå P1 FM (ovanfor)
P3 - sjå P3 FM (ovanfor)
P4 Danmark - sjå P4 FM (ovanfor): dette er ein nasjonal versjon som er miksa saman av dei regionale sendingane
Fjernsyn
DR 1
Den fyrste fjernsynskanalen til Danmarks Radio.
DR 2
DR 2 var den tredje nasjonale abonnementsfrie fjernsynskanalen i Danmark. Han kom etter TV 2 Danmark og systerkanalen DR 1.
DR 2 var i byrjinga kjend som den hemmelege kanalen fordi ikkje heile Danmark kunne få han inn. Kanalen har ofte fleire sjåarar enn TV3 Danmark.