D'Urville-elva er ei elv på Sørøya på New Zealand.
Elva ligg i Nelson Lakes National Park og renn nordover i 26 kilometer mellom fjellrekkjene Ella og Mahanga ut i Lake Rotoroa.[1] Dette er ei av dei mindre elvene i Buller River-vassdraget. Elva fekk namn etter den franske oppdagaren Jules Dumont d'Urville av Julius von Haast.[2]
Det er sportsfiske etter brunaure og regnbogeaure i D'Urville-elva.[3]
Det går ein opparbeida turveg langs elva.[4]
Referansar
41°54′35″S 172°39′04″E / 41.90972°S 172.65111°E / -41.90972; 172.65111