Cesare Mansueto Giulio Lattes (11. juli 1924–8. mars 2005) var ein brasiliansk fysikar.
Han tok doktorgrad ved São Paulo University i 1943, og frå 1946 arbeidde han ved University of Bristol saman med mellom andre den tidlegare rettleiaren sin Giuseppe Occhialini i gruppa til Cecil Powell. Lattes vart professor ved University of São Paulo i 1948 og underviste også ved University of Brazil. Han er kanskje mest kjend for bidraget sitt til oppdaginga av elementærpartiklane som vert kalla ladde pi-meson. Dette skjedde i 1947 under eit studium av kosmisk stråling.
Kjelder