Cyrus Porter Smith (5. april 1800–13. februar 1877) var ein amerikansk politikar. Han var borgarmeister iBrooklyn frå 1839 til 1842.
Bakgrunn
Smith var fødd på ein gard i Hanover i New Hampshire, og arbeidde seg gjennom Dartmouth College.[1] Etter å ha studert juss i Connecticut flytta han til Brooklyn i 1827. Han kom til byen med få kontakter og ressursar, og blei kjend gjennom å ha deltatt aktivt i presidentvalkampen i 1828 og som korleiar i First Presbyterian Church i byen.[1][2]
Deltaking i samfunnslivet
Smith hadde stillingar som sekretær for Board of Trustees for Brooklyn og deretter for Corporation Counsel.
I 1839 blei han vald til borgarmeister av Board of Trustees. Han blei den fyrste folkevalde borgarmeisteren i Brooklyn i 1840. Han tapte så for demokraten Henry C. Murphy i 1842.[3]
Smith blei seinare senator i delstaten. Han var òg involvert i andre samfunnsverv, og var medlem av Board of Education i tretti år, og var medgrunnleggar av både Green-Wood Cemetery (der han seinare blei gravlagd) og Brooklyn City Hospital.
Smith & Bulkley
Etter å ha forlate dei offentlege embeta sin slo Smith seg saman med forretningspartneren William F. Bulkley om å danna føretaket Smith & Bulkley. Smith var president i selskapet, med mange jernbane- og ferjeføretak i Brooklyn, mellom anna Catherine Ferry og Gouverneur Street Ferry.[2]
Familie
Eit av barnebarna hans var illustratøren Pamela Colman Smith.
Kjelder