Cyan
|
|
HTML-farge | #00FFFF |
---|
sRGBB (r, g, b) | (0, 255, 255) |
---|
CMYKH (c, m, y, k) | (100, 0, 0, 0) |
---|
HSV (h, s, v) | (180°, 100%, 100%) |
---|
B: Normalisert til [0–255] (byte) H: Normalisert til [0–100] (hundre) |
Cyan (frå gresk κύανoς kýanos som tyder 'mørkeblå substans') kan nyttast som namn om ulike fargar i den blå-grøne delen av spekteret. Med tanke på det synlege spekteret refererer cyan til fargen som ein får ved å blande like delar av grønt og blått lys eller fjerning av raudt frå kvitt lys. I RGB-fargesystemet er defor cyan komplementaærfargen til raudt og i CMYK-fargesystemet absorberer cyan-pigment raudt lys. Cyan er ein av grunnfargane i det subtraktive fargesystemet CMYK.
Merk at turkis er ein nyanse av cyan og er knytt til fargen på edelsteinen turkis.
Kjelder