Curt Siodmak
Curt Siodmak (fødd Kurt Siodmak, 10. august 1902–2. september 2000)[1] var ein tysk jødisk forfattar av skjønnlitteratur og filmmanus som verka i Tyskland, England, Frankrike og USA. Han gav ut seks romanar på tysk og hadde ein stor produksjon på engelsk. Karriera hans som skjønnlitterær forfattar varte i 76 år, og filmkarriera endte med kreditering eller medkreditering for til saman 35 filmmanus.[2] Siodmak grunnla saman med den eldre broren Robert Siodmak og forleggjaren Franz Wolfgang Koebner i 1924 magasinet Das Magazin kor han hadde eigne tekstar på trykk,[1] men publiserte også i andre magasin; i aprilnummeret av Scherl's Magazin kom «Die Eier vom Tanganjika See» som i juli same år kom i engelsk omsetjing som «The Eggs from Lake Tanganyika» i Amazing Stories.[3] Siodmak brukte inntektene frå den første, tyskspråklege romanføljetongen sin i magasinet Woche til å finansiere stumfilmen Menschen am Sonntag,[4] ei dokumentar-liknande krønike om liva til fire menneske i Berlin før Hitler kom til makta. Siodmak skreiv manus til filmen saman med broren og Billy Wilder. Broren og Edgar G. Ulmer sto for regi. Eugen Schüfftan og Fred Zinnemann var fotografar på filmen. Begge brørne Siodmak, Zinnemann, Wilder og Ulmer fekk seinere karrierer i Hollywood - som manusforfattar for Curt Siodmaks sitt vedkommande.[5] Curt Siodmak, som var av jødisk opphav, emigrerte etter å ha høyrd ei antisemittisk tirade frå Joseph Goebbels i 1933. Han tente sitt livsopphald som manusforfattar i Storbritannia og Frankrike.[6] Han flytta i 1937 til USA og blei naturalisert amerikanar i 1943.[2] Siodmak tok doktorgrad i matematikk før han utvikla forfattarkarrieren.[6] Norske omsetjingar
Referanser
Information related to Curt Siodmak |